Voll, Mikkel J.
1882-1948

Bonde.
Född 1882 i Rennebu.
Död 1948 i Rennebu.
Han overtok både Sør-Moan og Nørgard, og bodde på Nørgard. Mikkel Voll var ein rikt utrusta mann både for ånds og hands yrke, og givnaden sin sette han inn så fullt og heilt at det gav gode og varande frukter, ikkje berre heime på garden, men i heile bygda. Skoleutdanninga hans var ikkje rar, berre 10-12 vekers årleg folkeskole frå 7-årsalderen til han vart konfirmert. Det var nok ikkje mykje han fekk lært der, men gjennom sjølvstudium eigna han åt seg kunnskapar om mangt og mykje som kom til nytte f han i dei mange gjeremål han etter kvart vart sett til. Mellom anna kan nemnast at han lærde seg å skrive nynorsk, og sidan nytta han alltid denne målforma. Han var berre ungguten da han laut ta over farsgarden, men gardsdrifta hans var alt frå første stund slik at ho kunne tene til mønster for mange. Da han gav frå seg garden til sønene, tok han til med pelsdyral. I det offentlege styre og stell kom han tidleg med, og i ei lang årrekkje var han med i heradstyret. I åra 1923-25 var han ordførar. Det var ikkje berre i heradstyret han tok sin tørn. Det finst neppe noko grein av den kommunale styringa som han i var med i, og allstad merkte han seg ut som ein av dei førande. Men han var framfor alt fridomselskar og lika seg ikkje i bås. Viljen til samarbeid og reint sakleg vurdering av kvar einskild sak, utan omsyn til partigjerder og parolar, var for han største. Etter kvart som dei ulike partisyn viste aukande skil i heradstyret, lika han seg mindre og mindre der, og føre valet i 1934 sa han greit frå at han ville ikkje meir. Men i dei meir private samskipnader og lag heldt han fram med arbeidet sitt, og det var i desse han gorde sin mest verdfulle innsats. Han var formann i skyttarlaget og skyttarsamlaget, i telefonsamlaget, som han arbeide opp til trygg stode i ei my vanskeleg tid, i branntrygdelaget, i Rennebu Handelssamlag og Rennebu Sparebank. Største arbeidet la han ned i sparebanken. Han var med i styret utan avbrot frå 1920, og frå 1934 var han formann. Som mykje dugande rekneskapsførar, og dertil velrøynd i alt vedkomande bygda, var han godt skikka for dette arbeidet som han hadde t han døydde. Heilt frå barndomen var han friluftsmann, skyttar og jeger. Bragdene hans som skyttar og jeger var mange og store. Fjellet og viddene hadde ei dragande makt på han, der ville han gjerne være. På ein sundagstur igjenom Ilbogen ilag med dei to sønen sonesonen Mikkel, gjorde han siste ferda. Han seig ned ved ei tuve og var død.

Mikkel J. Voll. Född 1882 i Rennebu. Död 1948 i Rennebu. Bonde.

f John L. Voll. Född 1855 i Rennebu. Död 1953 i Rennebu. Bonde.

ff Løden Torgersen Moan Voll. Född 1820-10-21 i Rennebu. [1] Död 1908 i Rennebu. Bonde.

fff Torger Fredriksen Hårstad. Född 1777 i Rennebu. Död 1863 i Rennebu. Gårdbruker.

ffm Ingeborg O. Gunnes. Född 1774 i Rennebu. Död 1864 i Rennebu.

fm Randi Olsdtr. Stølen. Född 1819 i Hemne, Sør-Trøndelag. Död 1865 i Rennebu.

 
 

m Kari M. Voll. Född 1858 i Rennebu. Död 1884 i Rennebu. Bondekone.

   
 
   
 

Gifte och barn

Gift 1901 i Rennebu

Ingeborg I. Bakk.

Född 1882 i Rennebu.
Död 1910 i Rennebu.

Kari M. Voll.

Koldjomfru.
Född 1902 i Rennebu.
Död 1975 i Rennebu.


Kristine M. Voll.

Född 1904 i Rennebu.
Död 1986 i Rennebu.


Jon M. Voll.

Gårdbruker.
Född 1906 i Rennebu.
Död 1975 i Rennebu.


Ingebrigt Mikkelsen Voll.

Telemontør/Gårdbruker.
Född 1908 i Rennebu.
Död 19 ?.


Gift 1932 i Rennebu

Johanna Marie T. Sæther.

Född 1889.
Död 1972 i Trondheim.



Källor

  1. Internett - hjemmeside: Leiv Skjerve

Personregister    Efternamnsregister    Ortsregister

Framställd 2015-02-15 med hjälp av Disgen version 8.2d.