Født omkring 1642 i Orkdal.
Orkdalsboka III, gardsoga, 1. bandet side 95-96, Ljåmo.: "På den tida (1690) kom postruta mellom Trondheim og Vestlandet istand og Ljåmo vart teken til postgard. Postføringa var ei ettertrakta teneste.--- I 1688 vart det noko kluss med postføringa. På Blosmo satt enka efter ein løytnant Cornelius Paus, Riborg, dotter (skal være dotterdotter) til "Hr. Jon" i prestegarden. Korkje offiserar eller andre hadde pensjon. For å hjelpe den fattige offisersenka, hadde stiftsamtmann Kaas den 15.8.1688 resolvert at Riborg skulde ha føringa av "Romsdalsposten" mellem Skaun og Orkdal. Den 27.11.1688 klaga Ole Ljåmo over at postføringa var teken fra ham og "Riborg dertil beskikket".--- dette ble tatt til følge og Ljåmo fortsatte som postgard. side 152, Engan: I 1706 gjorde flaumen ny skade, så husa måtte flyttast enda lenger mot aust. Men denne flyttinga møtte protest hos brukaren av halvgarden, Riborg Steensdatter, enkja etter løytnant Paus. side 163, Blåsmo: Ved dette makeskiftet vart futen ( Morten Lauritsen i Nervika)----eigar av Blåsmo. Arvingane etter Morten selde garden til Birgitte Steensdatter Paust (skal nokk være Rigmor Steensdatter Paus). Ho var dotterdotter til "HR. Jon" i prestegarden og gift med en løytnant Cornelius Hansen Paust. Da mannen fall bort i 1682, sat Birgitte i store økonomiske vanskar. Stiftamtmann Kaas hjalp nokk henne så ho i nokre år fekk postføringa mellem Skaun og Fanrem. Birgitte kom likevel i bakleksa med skatter og andre avgifter. Garden gjekk no i nokre år fra den eine til den andre. |